Hinduisme
Skip Navigation Links.

Heilage rom

360 presentasjon

Det tamilske hindutemplet heiter Bergen Hindu Sabha og held til i den gamle kinosalen i den tidlegare Fanahallen på Minde. Templet er vigsla til guden Ganesha, og høyrer dermed til shivaismeretninga. Ganesha er guden for intellekt og visdom, og også for hindringar. Prest blir leigd inn frå utlandet for eitt år om gongen.
 
Kontaktperson for Bergen Hindu Sabha, Raajini Rajalingam, seier dette om templet: ”Bergen Hindu Sabha vart registrert som eit trussamfunn hos fylkesmannen i Hordaland ca. 1990, men det vart halde samlingar frå ca midten av 80 tallet. Hinduar frå India og Sri Lanka tok inititativet til etableringa, og trussamfunnet er styrt av eit styre som er valde av ei generalforsamling etter vedtektene.
På midten av 1990 tallet vart det importert statuar frå India, og menigheten hadde eit tempel i eit leigd lokale på Danmarksplass i Bergen. Med lån, oppsparte midlar frå trussamfunnet og donasjon frå enkelte medlemar vart gamle Fanahallen på Minde kjøpt og ombygd til eit flott tempel. Veldig mykje av arbeidet med ombygginga vart utført på dugnad av ivrige sjeler som ynskte å ha eit eige hindutempel å gå til.
Templet vart innvia 27. august 2004. Då henta trussamfunnet 5 prestar frå utlandet i tillegg til dåverande tempelprest for å utføre sermonien. Sermonien varte i fem dagar. Templet vart via for 12 år. I dag feirar vi alle religiøse høgtider i templet og den årlige festivalen "Thiruvilla" vert feira i mai / juni månad. Dagens prest heiter S. Mahadeva Kurukkal. Pr. dags dato består trussamfunnet av ca. 700 medlemar. Desse medlemane bur i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oslo.”
 
Templet har nettadresse:  http://bergenhindusabha.info/

WEB: