Buddhisme
Skip Navigation Links.

Heilage rom

360 presentasjon

Chùa Pháp Vu  har adresse Godvik, utanfor Bergen. Tempelet held til i eit privat hus, og tilhøyrer det vietnamesiske buddhistsamfunnet i Bergen – ein fløy av det vietnamesiske Buddhistsamfunnet I Noreg. Huset fekk dei kjøpt i 2001. Registrerte medlemmer i Bergen er ca 600, og retninga er mahayanabuddhisme. Den som pr i dag er sjefsmunk for tempelet er Tich Vien Tanh.

Tempelet har faste bønnetider, og her feirar ein dei viktigaste høgtidene. Ved fester kan opptil 200 menneske vere innom lokalet. Tilknytta menigheten er også ein vietnamesisk speidarfamilie som har skule for born annakvar søndag.

Tempelet har denne webadressa: http://www.phapvu.com

WEB: