Andre livssyn

Sikhisme

Sikhane sin eigen definisjon på kva ein sikh er, er at han eller ho trur på Gud åleine, på dei ti guruar og på Adi Granth. Ein sikh skal gjennomgå ei spesiell innviing, og må ikkje tilhøyre andre religionar. Sikhisme er ei religiøs lære som blei stifta av guru Nanak i Punjab, grensesområdet mellom India og Pakistan, på 1500- talet. Sikhane (sikh: elev, disippel), utgjer i dag rundt 2 % av befolkninga i India. Sikhismen som religion har røter både i islam og hinduisme, men sikhane sjølve ser på han som ein heilt ny religion. Guru Nanak hadde ni etterfølgjarar, og på 1700-talet hadde desse ni guruane vidareutvikla religionen til den forma han har i dag. I Skandinavia er det no truleg kring 5 000–7 000 sikhar, og fleirtalet av desse bur i Noreg.

Guru Nanak
Guru Nanak, detalj frå plakat. Kunstnar ukjend.

Sikhismen er generelt lite kjent blant nordmenn, trass i for at han har eksistert her i landet i over 30 år og begynner å vere ein omfangsrik religiøs minoritet. Det heilage romet til sikhane blir kalla ”gurduara”, og det finns to slike i Noreg. Medan utbreiinga til sikhismen for hundre år sidan var avgrensa til det nordvestlege India, finns det i dag sikhar på alle kontinent, og viktige diasporaer i USA, Canada og Storbritannia.

WEB: