Buddhisme
Skip Navigation Links.

Buddhisme

Dei fleste av oss tenkjer kanskje på Noreg som eit kristent land. Buddhistisk tradisjon derimot, hevdar at eit land der lokale munkar eller nonner har etablert eit kloster er eit buddhistisk land. I tråd med denne tolkinga er ikkje Noreg berre kristent, men òg buddhistisk.

Amithaba
Buddha Amitabha som representerer fortidas og notidas Buddha i vietnamesisk buddhisme. Han er også herren i ”det reine land” som vietnameserne håpar å komme til når dei dør. Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.

"Lykkelig er den som har overvunnet sitt jeg... som har nådd fred... som har funnet sannheten."                           Gautama Buddha


*Buddhismen har namnet sitt etter eit ord på det gamle indiske språket sanskrit:  Buddha tyder den opplyste. Ein buddha er ein som har vakna og fått ei djup innsikt om verda og livet, ved dette er han blitt opplyst og oppnådd frigjering frå livskreftene som styrer sinnet og livsførselen. Ordet blir også brukt om den historiske personen som grunnla religionen på 500-tallet f.Kr., Siddharta Gautama av stammen Shakya. Ofte kallast han ”den vise frå Shakya – slekta”. Buddhismen voks fram innanfor hinduismen, men skiljer seg frå denne religionen mellom anna ved å nekte for at mennesket har ei udøydeleg sjel. Buddhismen opererer heller ikkje med ein skapar, og Siddharta Gautama har ikkje status som gud.


*Blant nordmenn har det vore ei stigande interesse for buddhismen sidan 1970-talet, og det er stifta fleire norske foreiningar for å studere og praktisere religionen. Det har også vore ei stor innvandring til Noreg frå land med buddhistisk folkesetting ,og den største gruppa - om lag 9000 menneske, har vietnamesisk bakgrunn. I Noreg finns det difor fleire vietnamesiske buddhistsamanslutningar og dei har tempel m.a. på Lørenskog i Akershus, Heimdal ved Trondheim og i Godvik utanfor Bergen.

WEB: