Skip Navigation Links.

Bakgrunn

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE HAR HEILT SIDAN HAUSTEN 2008 HATT EIT SPESIELT FILM- OG NETTBASERT KULTURTILBOD TIL SKULANE I FYLKET. ”MØTEPUNKT HIMMEL OG JORD” ER EIT PROSJEKT OM RELIGION OG MANGFALD, DET ER EIT KULTURMØTE PÅ TURNÈ!

Noreg, som tradisjonelt har hatt ei sterk evangelisk-luthersk statskyrkje og heller få religiøse minoritetar, er på nokre få tiår blitt eit interreligiøst samfunn med ulike innvandrarkulturar og religiøse praksisar – og ei mengd nye heilage rom! Prosjekt ”Møtepunkt himmel og jord” har som sentralt mål å synleggjere det nye religiøse landskapet  på ein god og inkluderande måte ved å ta utgangspunkt i korleis ulike trussamfunn ytrar seg i dagens Noreg, og la ungdom snakke til ungdom.

Her er samansetjinga av den turnerande ”religionspakken” med målgruppe ungdomssteget i ungdomsskulen og også aktuell for vidaregåande skule:

Undervisningsfilm / DVD: Type: tidsaktuell dokumentar som presenterer 6 norske ungdommar frå ulike religiøse og etniske miljø, med innslag av digitale forteljingar produsert av ungdommane sjølve. Varigheit ca 25 min.

www.himmeljord.no: Nettside med 3D ROM som inviterer til virtuelt besøk i heilage rom knytta til dei 4 verdsreligionane. Her kan arkitektur, dekor, gjenstandar og religiøs praksis utforskast på ulike måtar, og nettsida inneheld ein omfattande kunnskapsbase der ein kan velje fordjupingsområde innanfor kvar religion ved å følgje lenker. Dette formidlingsverktøyet opnar for store moglegheiter for å innfri ønskjer og interesser hos elevane: her kan dei i ei oppgåvesetting også lage eigne digitale filmforteljingar som kan lastast opp på sida og publiserast. Sida skal vere dynamisk, den blir endra ved det leggast ut nytt stoff og lenker, og kan med tida vekse til ein uunnværleg kunnskapsbank ikkje bare for elevar og lærarar, men for alle interesserte.

Innholdsrik ressurskasse med fysiske gjenstandar for kvart heilagt rom følgjer med til skulane og blir sendt ut i førevegen. Eignar seg godt til fordjupningsmateriale og til å lage utstillingar av i klasserommet.

Kassen finnast også i utvida digital versjon, sjå:    Digital ressurskasse.

Film har blitt eit stadig meir aktuelt læremiddel i skulen. I læreplanane står det dessutan at elevane skal kunne velje å også uttrykke seg med film når dei skal presentere eit emne – i alle fag (utvida tekstomgrep). Dei skal både lære å lage, og å forstå film. Film skal såleis ikkje berre gi historisk og kulturell informasjon, men kan trekkast inn som eitt av fleire uttrykksmåtar i t.d. oppgåveløysing.

Ved å kople eit kulturelt uttrykksmiddel som film til nettbasert undervisning håper vi at ”Møtepunkt himmel og jord” på ein aktuell og levande måte bidreg til utvikle interesse for, og innsikt i, andre religionar og livssyn. Auka kunnskap kan igjen auke toleranse for andre og fremje innsikt i eigne livsvilkår og identitet. Det unike i innhaldet i filmen er fokuset på nye religiøse praksisar i Noreg i dag, korleis dei respektive heilage romma trer fram i ei samtidig norsk ”setting” – og korleis dei religiøse praksisane blir utspelt i våre nærmiljø.

FILMPRODUKSJON: Flimmer Film, Bergen.
WEBSIDEPRODUKSJON: Kyber kommunikasjon AS, Bergen.

MEDVERKANDE: Frå Sogn og Fjordane: Katarina Åbrekk, Olden, 19 år, protestant. Jogeir Slettevold Bruflot, Naustdal, 19 år, ateist. Frå Bergen: Nga Thi Hong Le, 24 år, Buddhist (Mahayana)/ konvertert katolikk. Norsk-vietnamesisk kulturbakgrunn.  Stefan Bivand, 20 år, Kristen / Katolikk. Norsk med polsk/ engelsk kulturbakgrunn og Thineshkumar Kaliyugarasan, 24 år. Hindu. Norsk. Norsk-tamilsk bakgrunn. Frå Oslo: Layla Mohammad AlZubaidi,  22 år, sunnimuslim. Norsk. Palestinsk / syrisk kulturbakgrunn.

HEILAGE ROM: ”Møtepunkt himmel og jord” inviterer til interaktivt besøk i 5 heilage rom knytt til 4 ulike verdsreligionar:
  • eit buddhistisk tempel: Chùa Pháp Vu, Leirvikvn 4, 5179 GodvikTilhøyrer det vietnamesiske buddhistsamfunn i Bergen. Retning: mahayana.  http://www.phapvu.com/
  • eit hinduistisk tempel:  Bergen Hindu Saba, Storetveitveien 5 ( gamle kinosalen i Fanahallen på Minde), 5067 Bergen. Tempelet er via til guden Ganesha og tilhøyrer det tamilske samfunn i Bergen. Retning: shivaisme.  http://bergenhindusabha.info/
  • ein moskè: retning: sunni. Pakistansk menighet. Central Jamat-e Ahl-e Sunnat moskeen, Motzfeldts gt. 10, 0187 Oslo (Grønland) http://no.wikipedia.org/wiki/Central_Jamaat-e_Ahl-e_Sunnat
  • ei katolsk kyrkje: St. Paul Kirke MMVII. St. Paul Katolske kirke Nygårdsgaten 3, 5015 Bergen. Tilhøyrer St. Pauls menighet i Bergen. Retning: romersk/katolsk. http://bergen.katolsk.no/ 
  • ei protestantisk kyrkje: Tjugum kyrkje på Dragsvik v/ Balestrand. Retning: evangelisk / luthersk, under Kyrkjekontoret i Balestrand.

Ekstra tillegg:

  • ei protestantisk kyrkje: Johanneskirken i Bergen. Retning: evangelisk / luthersk, ligg under Bjørgvin bispedømme.
  • ei protestantisk kyrkje: St. Olavs kyrkje i Balestrand. Retning: Den anglikanske kyrkja. Sorterer under biskopen av Gibraltar som har sete i London.


KRITERIER FOR UTVELGING: For å skape ei nokolunde ”rett ” spegling har ein vald å presentere dei største trussamfunna i Noreg utanom den evangelisk-lutherske statskyrkja, og dette inkluderer alle 4 verdsreligionane. Innanfor kvar religion er det hovudstrøymingane som blir representert, og også dei dominerande etniske grupperingane der det er mogleg. Fordi katolikkane utgjer den største gruppa, har vi vald å la kristendommen blir dobbelt representert. Suksessivt kjem islam, buddhisme og hinduisme. For ”andre livssyn”, som er ei gruppering på storleik med islam, har vi med ein representant som er ikkje-truande, men som aldri har vore tilslutta noko etablert livssynssamfunn.
 
Grunnlaget er henta frå statistikk på: http://ssb.no, og også teksten og tabellen under: 

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Publisert på http://ssb.no: 4. desember 2013. Talmaterialet er per 1 januar 2013¹ 

Endring i prosent kan sjåast i dei to rubrikkane til høgre:

 

Medlemmer

Prosentdel

2012-2013

2009-2013

Medlemmer i alt

549 400

100,0

7,6

27,4

     

Baha'i

1 122

0,2

3,1

9,7

Buddhisme

16 001

2,9

3,7

30,6

Hinduisme

6 797

1,2

19,5

29,8

Islam

120 882

22,0

7,7

30,3

Jødedom²

788

0,1

415,0

-1,9

Kristendom

312 925

57,0

8,3

33,3

Sikhisme²

3 323

0,6

193,3

22,5

Livssyn

86 061

15,7

1,6

6,1

Andre trus- og livssynssamfunn

1 501

0,3

23,2

142,9

¹Omfattar berre medlemmer som det vert motteke    offentleg stønad for

²Eit samfunn ikkje representert i statistikken i 2012

Kjelde: Statistisk sentralbyrå 2013 © Statistisk sentralbyrå

Største (etniske) grupperingar utanom den norske statskyrkja er romersk-katolsk kristendom (polsk), sunni – islam (pakistansk), mahayana-buddhisme(vietnamesisk), tamilsk hinduisme ( shivaisme).

Prosjektet sluttar seg til religionshistorikar Knut A. Jacobsen sine forslag til kriteriar for kva som er ein verdsreligion (katalog IKM):
Ein verdsreligion må:

1: vere utbreidd over store delar av verda.
2: ha fleire enn 100 mill tilhengarar.
3: ha ein sentral historisk dimensjon, dvs. ha vore berar av ein stor sivilisasjon som den har dominert i så stor grad at sivilisasjonen sine mange kulturuttrykk har blitt forma av den.

KVIFOR: Religion har i takt med globaliseringa blitt ein populær forklaringsfaktor på ein del av konfliktane i verda. Ulik religiøs identitet er på same måte forstått som ei grunnleggande årsak til motsetningar mellom grupper.  At religion åleine skapar identitet, er faktisk ein påstand det er grunn til å stille spørsmålsteikn ved. Mange vil heller meine at kvart individ har mange ulike og kryssande identitetar, tenk berre på musikksmak, sportsinteresse, politisk ståstad, kjønn osv. Det ein likevel ser, er at minoritetar i eit land ofte framskaffar ei sterkare vektlegging på religiøs identitet fordi dette er med på å styrke samhaldet i innvandrargrupper. Og korleis kan eigentleg tru eksistere i eit multikulturelt samfunn, utan å bli relativisert?

Integrasjonsutfordringane er mange, også i Noreg, og tilpassing til eit multikulturelt samfunn tek tid. Skepsis og framandfrykt  ser vi også blant ungdom. I kjølvatnet har vi sett konfrontasjonar, frykt og utestenging i fleire ungdomsmiljø. Eit indirekte mål med prosjektet er å vise at ein gjennom kunnskap om andre religionar og kulturell utveksling kan finne felles plattformar med andre menneske som kan vere eit viktig bidrag til fredeleg sameksistens. Ulike trusretningar har krav på respekt – og vi har alle noko å lære av kvarandre. 

Å vere integrert er likevel mykje meir enn ein aksept av retten til å praktisere sin eigen religion i eigne heilage rom. Kompromiss må gjerast overfor det samfunnet ein lever i, ved å akseptere standardar som er betrakta som naturlege der. Til gjengjeld må ein frå dette samfunnet oppnå tilhøyrsle og aksept for det enkelte individ. Viss dette ikkje skjer, vil resultatet uunngåeleg bli ei drift mot parallelle samfunn, den verkelege antitesen til dialog og integrasjon.
Ofte kan andre sine trusførestillingar og ritual synast merkelege og framande, kanskje til og med skræmande. Grunnleggande førestillingar om religion og samfunn i Vesten blir ikkje nødvendigvis delt av folk frå andre verdsdelar, difor er trongen for kunnskap stor.

Eit bakteppe i prosjektet er heilag arkitektur og sentrale gjenstandar brukt ved ritual og høgtider. Vi ønskjer å bidra til at ein ny generasjon unge i Noreg kan bli betre kjent med det framande, ved at dei på ulike måtar får moglegheit til å tre inn i andre sine heilage bygningar. Vi trur dette kan ha ein integrerande effekt og opne for nye moglegheiter til dialog. Det heilage i alle religionar kjem til syne i gestalt av arkitektur, utsmykking og gjenstandar. Ein del av det gøymer seg også i utøvande praksis.

RELIGION- OG LIVSSYNSSMATERIALE: Tekstane til religionane kristendom, hinduisme, buddhisme, islam, jødedom og sikhisme er skrivne av religionshistorikar Anders Bettum, Oslo, med et lite tillegg redigert stoff. Tekstane vart laga til utstillinga ” Våre hellige rom” på IKM (Interkulturelt museum i Oslo, www.oslomuseum.no ), ein av samarbeidspartnarane våre i ein periode. Tekstane er tillempa vårt prosjekt og målgruppe, og omsett til nynorsk av Hjalmar Eiksund, Volda. Fordi tekstmaterialet er korta ned, har vi også fjerna fotnotesystemet, og viser til katalogen for utstillinga: Våre hellige rom, 6 religionar på vandring, med fullstendig litteraturliste: ISBN 978-82-8010-006-1. Store delar av biletmateriale til tekstane er også frå katalogen. Mangfaldig og informativt tekst- og biletmateriale for religionane over og andre religionar og livssyn er i tillegg å finne på lenkjer.

PROSJEKTLEIAR: GRETE HUUS, Jølster.

SAMARBEIDSPARTNARAR OG STØTTESPELARAR: Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, IKM v/ Ingrid Hansson, ABM-utvikling og Norsk Filminstitutt. I tillegg enkeltpersonar innanfor to ulike trussamfunn: Ahn Loan Thi Le, Sande i Sunnfjord og Raajini Rajalingam, Bergen.

WEB: