Skip Navigation Links.

Diaspora

Ordet diaspora blei opphavleg brukt om jødane som blei tvunge ut i eksil då romarane erobra Jerusalem og øydela templet i år 70 e.Kr. Som eit resultat av tida i utlandet gjennomgjekk jødedommen omfattande endringar. I dag blir omgrepet brukt i overført tyding om alle religiøse samfunn som har måtte forlate heimlandet og starte på nytt ein annan stad.

Omgrepet skildrar altså ei gruppe menneske i eit religiøst fellesskap i eit framand land, der den rådande religionen er ein annan enn den diasporagruppa praktiserer. Gruppa utgjer ein kulturell, og som regel, etnisk minoritet i vertslandet, og er dermed lett utsett for ei eller anna grad av undertrykking og diskriminering.

Dei framkallar òg ein reaksjon frå den religiøse og etniske majoritetsgruppa i det landet som har teke imot dei. Reaksjonen kan ta form av forakt, frykt og framandhat, eller nyfikne, beundring og respekt. Som regel er begge reaksjonsformene til stades på ein gong, som i Noreg i dag der nokre er entusiastiske og andre bekymra.

Enkeltmenneske opplever nok begge reaksjonsformene på ein gong, i det nyfikne og frykt gjerne går hand i hand. Men anten ein liker det eller ikkje blir ein påverka av at det framande er tilstades, og begge reaksjonsformene leier til ei revurdering av eigen identitet.

For ei minoritetsgruppe som forsøker å skape eit nytt liv på ein framand stad blir bygginga av det første heilage rommet svært viktig. Det heilage rommet i diaspora blir ikkje berre eit gudshus, men òg ein samlingsstad der ein kan vidareføre kulturarva si og vidareutvikle identiteten sin som gruppe og individ.

WEB: