Hinduisme

Digital ressurskasse


Nr 1
I stk pujasett i 9 deler, for gudeoppvarting i tempelet. Puja tyder "å gje ære til". Dette puja-settet inneheld m.a. ei lita skei, Om-teikn og ein behaldar ( kalash ) til fargestoff.

Nr 2
Offerfat frå det tamilske templet Bergen Hindu Sabha. Slike fat vart laga til innviinga av templet i 2004. Vanlege offer-gåver er blomar, ris eller frukt. Ein kan også ofre noko som symboliserer dei fem elementa, t.d . ei kokosnøtt (jord), ei skål med vatn, ei brennande lampe (eld), lyden av ei bjølle (luft) og ein liten metallbehaldar ( rom eller eter ) symbolsk for ånd).

Nr 3
Røykelse, sandalwood, kamfer og rødt komkomampulver til bruk under puja (andakt) og andre seremoniar i tempelet. Dei som kjem til puja i templet blir påført tikka (fargestoff i panna). Røykelsespinnar brukast i både hinduismen, buddhismen og andre religionar.

Nr 4
Statue av Krishna og Radha. Krishna og Radha er det store kjærleiksparet innanfor hinduismen. Krishna representerer ein personleg gud som mennesket kan søke frelse hos. Han en også ein av Vishnu sine avatarar (nedstigningar).

Nr 5
Statue av Shiva Nataraja som dansar på den uvitande dvergen. I dansen er han framstilt som herre over liv og død. Han framstår som både skapar og øydeleggar, og representerer dermed totaliteten i tilværet.

Nr 6
Statue av apeguden Hanuman (leiaren for apehæren) - ein sentral figur i diktforteljinga Ramayana, som m.a. fortel historia om gudeparet Rama og Sita.

Nr 7
Statue av Krishna som lite barn.

Nr 8
"Trimurthi" : Dei tre gudane Brahma, Vishnu og Shiva. Brahma skapar verda, Vishnu opprettheld den, og Shiva let den gå til grunne i ein evig syklus. Ifylgje Upanishadene er alle desse gudane former av det upersonlege guddomssaltet Brahman.

Nr 9
Statue av elefantguden Ganesh. Ganesh er guden for intellekt og visdom, og også for alle hindringar. Han har musa som sitt ridedyr, for ei mus kjem seg inn alle opningar og smutthol.

Nr 10
Ganesh batikkbilde, laga i India.

Nr 11
Høg devalampe i messing til bruk i templet under puja. Dei fem små veikane ligg rett i oljen eller smøret og brenn frå kvar sitt hjørne.

Nr 12
Lita devalampe i messing til bruk under puja. Dei fem små veikane ligg i oljen eller smøret og brenn frå kvart sitt hjørne.

Nr 13
Metallbehaldar med lok for oppbevaring av fargestoff brukt ved puja eller som offergåve.

Nr 14
Det heilage teiknet Om utført i messing. Om er det viktigaste mantraet i hinduismen og tenkast å kunne skape kontakt mellom mennesket si guddommelige sjel (atman) og Gud eller "verdssjela"(brahman).

Nr 15
Bhagavad-gita. Den mest kjende teksten frå den store diktforteljinga Mahabharata. Guden Krishna - som Vishnus avatar - lar seg føde og stige ned for å hjelpe når menneskeheten opplever ei krise.
 

WEB: