Kristendom

Katolisisme

 
 Nr 1 
 Eksempel på altarlysestakar

Nr2                                        

Eit 3-delt ikon med motivet: "Den ømme Guds mor". Ikonograf: Sergiy Kostov frå Ukraina. Maria med barnet er eit av dei vanlegaste ikonmotiva.

Nr 3 

Veggkrusifiks.Krusifikset er kanskje det viktigaste symbolet i katolsk kristendom. I kyrkjene er krusifikset plassert bak alteret.

 

Nr 4

Til venstre ein rosenkrans i svart hermafitstein og til høgre ein forsølva rosenkrans. Ein vanleg måte å bruke kransen på er å be ei "Ave Maria" (Hill deg, Maria) for kvar av kulene som er plassert i sekvensar på ti (dekader), og etterpå avslutte med eit "Ære være Faderen...".

Nr 5
Jomfru Maria er ein sentral skikkelse i kristen tru. I katolske kyrkjer er ein Mariafigur svært ofte plassert til venstre for hovudalteret, og ein kan brenne lys og gå i forbøn hos henne.


Nr 6
Røykelseskar i messing. Brenning av røykelse er eitt av rituala under ei katolsk messe og andre viktige seremoniar. Inne i karet er det ein liten behaldar for glødande kol, og røykelsen blir plassert rett på kolet. Det er strenge rituelle reglar for korleis røykelseskaret skal svingast, og av kven.

 

 

     

Nr 7
Raude og blå telysestakar. Ein tenner lys i den blå framfor Madonna og i den raude framfor Kristus.

  

WEB: