Kristendom
Skip Navigation Links.

Kristendom

Kristendomen er den religionen som har vore lengst i Noreg. Historikarar reknar med at landet blei kristna i perioden fram mot år 1000 e.Kr., og at kristendomen gradvis tok over for den gamle norrøne religionen. Etter reformasjonen i 1537 blei den første kristendomen i Noreg bytta ut med ei ny form, den protestantiske. Kristendomen er statsreligion i Noreg, men det betyr ikkje at alle kristne høyrer til majoriteten.
Kristendomen er den største religionen i verda, med omlag to milliardar tilhengjarar. Etter kolonitida har kristne vore å finne i alle land, og organiserte kyrkjesamfunn finns i dei aller fleste. To tredjedelar av landa i verda har kristendom som majoritetsreligion. Medan kristendomen tidlegare stod sterkast i Europa, bur over tre fjerdedelar av dei kristne i verda i dag på andre kontinent. Størst er talet i Afrika og Sør-Amerika.

St Pauls kirke i Bergen
 St. Paul kyrkje i Bergen. Foto: Kyber

Som dei fleste andre religionar har kristendomen ei rekkje ulike retningar eller konfesjonar. Berre ein av disse konfesjonane, lutheransk protestantisme, er statsreligion i Noreg. Andre former for kristendom har opp gjennom historia vore framandgjort, forbode og etterfølgd. Tilskotet av innvandrarar til frikyrkjene gjer òg at ein i ein viss forstand kan snakke om kristne diasporaer i Noreg. Mange av frikyrkjene har fått mangedobla medlemstala sine som eit resultat av innvandringa dei siste 30 åra. Innvandringa har òg tatt med seg kristne trussamfunn som ikkje tidlegare har vore representert i Noreg. Katolisismen er den største kristne konfesjonen i verda, cirka halvparten av alle kristne i verda er katolikkar. I Noreg utgjer katolikkane den største kristne minoriteten, og Den katolske kyrkja i Noreg er i sterk vekst.

WEB: